top of page
Logo til Blakstad Gard

Velkommen til Blakstad Gard!

Mellom fjord og fjell har menneske hausta av jorda sidan vikingtida. Velkomen til ein gard som ber historia i veggane – enten du tek turen på ein av våre opne dagar, eller vil skape nye minne i våre unike lokale.

Selskap og feiring

På Blakstad kan du samle familie, venner eller kollegaer til minnerike stunder i unike og naturnære omgjevnader.

 

Vi tilbyr utleige av den stemningsfulle låven, ein lun gapahuk opp mot fjellet og eit naust heilt nede ved sjøen. ​ Enten du planlegg firmafest, bryllup, dåp, konfirmasjon eller jubileum, har vi rammene som passar.

 

Vi skreddarsyr tilbodet etter dine ynskje.

selskapslokale-laave-sunnmore-blakstad-gard.jpg
besoksgard-sykkylven-mate-alpakka-blakstad-gard.jpg

Besøksgard

På Blakstad kan både små og store kome tett på dyra og finne roen på landet. Vi held ope på sundagar i sesongen, og tilbyr tilrettelagde opplevingar for barnehagar, skular, bursdagar og private grupper.

Enten du vil helse på dyra, feire bursdag på låven eller ta med barnegruppa på ein lærerik gardsrunde, skreddarsyr vi opplevingar som gjev minne for livet.

Gardsleikar og lagand

Gjer noko heilt anna med jobben eller venegjengen! Vi inviterer til uformelle og engasjerande blåturar med tradisjonsrike gardsleikar. Kva med ei morosam oppvarming før firmafesten, eller teambuilding og lunsj på garden?

 

Vi tilpassar opplegget etter dykkar ynskje. ​ Her kan de konkurrere i öksekast, pil og bue, hesteskokast og andre gardsaktivitetar som garantert skaper latter og lagand.

teambuilding-sunnmore-gardsleikar-blakstad-gard.jpg
hytte-ved-sjoen-overnatting-blakstad-gard-sykkylven.jpg

Overnatting ved fjorden

For deg som vil nyte livet på landet litt lenger, tilbyr vi overnatting i vakre omgjevnader. Berre fem minutt å gå frå garden finn du to hytter til leige heilt nede ved sjøen. Desse er tilgjengelege via Airbnb.

Snart kan du også overnatte i telt ved sjøen eller ved gapahuken vår i skogkanten.

Fra forfall til nytt liv

Eit nytt kapittel for ein gammal gard Slik såg Blakstad ut før Berit og Karl starta det omfattande arbeidet med å gje tunet nytt liv. Med respekt for historia og kjærleik for handverket har hus og låve blitt verna for framtida. Men røtene her går mykje djupare enn som så – heilt attende til bronsealderen.

[Les heile historia vår]

blakstad-gard-sykkylven-historisk-foto-foer-restaurering.jpg

Opplev Blakstad Gard

Sørestrandvegen 1009, Ikornnes, Sykkylven

+ 47 45 22 65 75

Åpningstider

Ope heile året etter avtale. > Ta kontakt for å planleggje dykkar besøk eller for vising av selskapslokala.

  • Instagram
  • Facebook

©2026 by Blakstad Gard.

bottom of page