
besøksgard
Velkomen til Open Gard
Opplev open gard på Blakstad På utvalde sundagar gjennom året opnar vi dørene og ynskjer heile familien velkomen til oss. Her kan barna helse på dyra og bli med på kjekt stell og ulike aktivitetar.
Open gard er ei avslappa og uformell oppleving med nærleik til både dyr og natur. Her treng de ikkje bestille på førehand – det er berre å møte opp!
Prisane varierer etter sesong og kva som skjer på garden. Følg med på Facebook-sida vår for informasjon om neste opne dag, program og gjeldande prisar. Vi er opne heile året for private gardsbesøk, så berre ta kontakt.


Gardsbesøk for barnehage og skule
Vi inviterer barnehagar og skuleklassar til innhaldsrike dagar fylte med tradisjonar og dyrekontakt. Besøket blir skreddarsydd etter aldersgruppe og kan innehalde alt frå stell av dyr til gamle handverkstradisjonar.
Dette kan barna oppleve hjå oss:
-
Møt dyra: Nærkontakt med alpakka, gammalnorsk sau, ullgris, islandshest, minigris, geiter, høner, kaniner og kalkun. Vi tilbyr både stell, mating og riding.
-
Tradisjonelt handverk: Prøv dykk i smia, karde ull eller bli med på flatbrødbaking.
-
Gardsleikar: Fysisk aktivitet med tradisjonelle leikar tilpassa barna sin alder.
-
Matpause: Dykk kan ta med eigen niste eller få servert mat frå garden. Vi har gode uteområde med gapahuk, samt lune lokale inne i Låven eller Kjellaren ved dårleg vêr.
Pris og informasjon
Pris: Kr 100,– per barn (tilsette og følgje går gratis).
Minstepris: Vi har ein minstepris på kr 2 000,– per besøk. Dette sikrar at vi kan halde ein høg standard på aktivitetane og dyrestellet for kvar enkelt gruppe.
For større grupper (over 20 barn) tek vi kontakt for eit eige tilbod.
Barnebursdag
Inviter til bursdagsfest med dyra som gjester! På Blakstad gard kan barna feire dagen sin i vakre, landlege omgjevnader. Vi skaper ei heilt spesiell ramme rundt dagen med kjekke aktivitetar og nærleik til dyra på garden.
Du kan leggje bursdagen til «Open Gard» på søndagar, eller velje ein kvardag (måndag–torsdag). Ta kontakt for ein hyggjeleg prat om pris og opplegg.














