top of page
Logo til Blakstad Gard

golfstova

IMG_6417.jpeg
IMG_6417.jpeg

Velkomen til golfstova

I midtetasjen på låven finn du Golfstova. Her har vi skapt ei oppleving utanom det vanlege – enten de er golfentusiastar eller berre ønskjer ein kjekk og sosial aktivitet med kollegaer, vener eller familie.

I vår moderne golfsimulator kan de konkurrere i Longest Drive, spele på verdskjende baner, eller utfordre kvarandre i ulike spelemodusar. Vi har plass til opptil 20 personar, og for dei som vil variere aktivitetane, har vi også sjakk og dart tilgjengeleg. Dette er det perfekte lokalet for ein uformell vennekveld eller teambuilding med litt konkurranseinstinkt.

IMG_6418.jpeg

Mat og vertskap

Planlegg de selskap eller firmafest? Vi hjelper dykk gjerne med å skape ei flott ramme rundt dagen. Vi tilbyr utleige av Golfstova med servering av mat og drikke på førespurnad, slik at de kan nyte ein komplett kveld utan å måtte tenke på det praktiske. Toalett er tilgjengeleg i første etasje.

Ta kontakt med oss for ein hyggjeleg prat om ditt neste arrangement!

IMG_6418.jpeg
IMG_6422.jpeg
IMG_6422.jpeg

Vil du berre spele golf?

I Golfstova kan du trene på svingen eller ta ein runde på verdskjende baner uansett vêr og årstid. Her finn du ein moderne simulator med nøyaktige målingar og eit stort utval av spelemodusar som passar både nybyrjarar og erfarne golfarar.

Vi har ope frå kl 09:00 til kl 23:00 alle dagar. All booking av tid i simulatoren skjer via vår eksterne bookingside.

Åpningstider

Sørestrandvegen 1009, Ikornnes, Sykkylven

+ 47 45 22 65 75

Ope heile året etter avtale. > Ta kontakt for å planleggje dykkar besøk eller for vising av selskapslokala.

  • Instagram
  • Facebook

©2026 by Blakstad Gard.

bottom of page