top of page
Blakstad Gard logoer (7)_edited_edited.p

Kjellaren

Velkomen til kjellaren

Under det gamle våningshuset frå midten av 1800-talet finn du Kjelleren. Med tjukke murar og lun stemning er dette lokalet ei tidsreise i seg sjølv – perfekt for mindre grupper som ønskjer ei oppleving utanom det vanlege.

Her står matkulturen og historia om «overleving» i sentrum. Vi serverer smaken av Sunnmøre slik forfedrane våre tilverka den. Som gjestar kan de velje mellom tradisjonsrike rettar som:

  • Spekemattallerken: Fenalår av gammalnorsk sau, lokal ost og spekemat med heimebaka flatbrød.

  • Langtidssteikt lammelår: Serverast med sesongens grønsaker – eit herremåltid som har fått god tid i omnen.

Smakingar og utleige

Kjelleren er staden for den gode samtalen. Vi tilbyr lokale smakingar der de får smake på og høyre litt om matskattane våre, men lokalet kan også leigast til eigne føremål.

De vel sjølve om de ønskjer å leige lokalet med full matservering frå oss, eller om de berre vil leige sjølve rommet til eit eige opplegg. Dette gjer Kjelleren ideell for alt frå intime middagar og julebord til styremøte og mindre lag.

IMG_4805.jpeg
IMG_4806.jpeg

Fasiliteter

  • Kapasitet: Opptil 14 personar.

  • Høver for: Smakingar, middagar, styremøte og mindre lag.

  • Servering: Kan leigast med eller utan matservering.

  • Tilkomst: Via trapper (ikkje rullestoltilpassa).

  • Toalett

Åpningstider

Sørestrandvegen 1009, Ikornnes, Sykkylven

+ 47 45 22 65 75

Ope heile året etter avtale. > Ta kontakt for å planleggje dykkar besøk eller for vising av selskapslokala.

  • Instagram
  • Facebook

©2026 by Blakstad Gard.

bottom of page