
Vår historie
Fra forfall til nytt liv
Då Berit og Karl, tok over garden i 2014, var bygningane prega av manglande vedlikehald over lang tid. Vi såg at det ville krevje ein omfattande innsats, og vi gjekk i gang med ei totalrenovering av heile tunet. For oss var det viktig å berge verdiane som låg her.
Sidan 2014 har det vorte lagt ned utalde arbeidstimar og store ressursar i å setje garden i stand. Det har vore ein krevjande prosess med mykje slit, men målet har heile tida vore klart: Garden skulle gjenreisast som ein levande og bruksvenleg stad.


Restaurering - Vi har vore nøye med å ta vare på det historiske særpreget i våningshuset og på stabburet frå 1700-talet. Det handlar om respekt for handverket som ligg i tømmeret.
Nye løysingar - For at garden skal ha ei framtid i moderne tid, har vi bygd om låven. Her har vi fått på plass funksjonelle fasilitetar som storkjøkken, bryggeri og tørkeri, slik at vi kan ta imot gjester på ein skikkeleg måte.
Slektskap - Tilknytinga til området sit djupt. Med foreldre som Jens Petter og Kari Inger Ekornes, har verdien av lokalt eigarskap og det å skape noko varig vore ei viktig drivkraft for oss. Karl ber også gardsnamnet Blakstad med seg, noko som gjer ansvaret for å føre arven vidare ekstra meiningsfylt.
Gardens historie
Sjølv om vi har lagt ned mykje arbeid dei siste åra, er vi berre ein liten del av ei lang tidsline.
Dei første spora
Garden er ein av dei eldste busetnadene i distriktet. Arkeologiske funn viser at det har budd folk her heilt sidan yngre bronsealder (om lag 700 år før Kristus). På det høgste punktet på neset ligg ei gravrøys frå vikingtida, som minner om tida då fjorden var hovudvegen for handel og makt.
Snikkar-Anders og gullkjelen
På 1700-talet var Blakstadneset (Kremmernes) ein travel handelsstad. Ein av dei mest kjende karane frå den tida var "Snikkar-Anders" (Anders Davidsen). Han dreiv krambu og var etter soga ein svært velståande mann. Det blir fortalt at han gjemte ein koparkjele full av gull- og sølvpengar i ei steinrøys på garden. Skatten er aldri funnen, men historia om krambukaren lever vidare i veggane her.
Tru og tradisjon
Vi tek vare på dei gamle historiene, som den om Svarthylltreet ved brønnen. Der trudde ein at "Hulda-mora" budde, og treet fekk stå i fred for å verne garden mot ulykke. Slik respekt for natur og tradisjon prøver vi å ta med oss i den daglege drifta.
I dag er Blakstad Gard ein stad for både kvardag og fest. Enten du kjem for god mat i Kjelleren eller eit lag i Grindløa, håpar vi du merkar at vi har gjort vårt ytste for å ta vare på denne historiske staden.


















